Sunnfjord kommune

ByggSøk stenger 1. oktober 2020

ByggSøk stenger 1. oktober 2020

Bygg under oppføring - Klikk for stort bileteBygg under oppføring Oskar Andersen Fem leverandørar og Oslo kommune har no lansert nye, moderne søknadsløysingar for byggesak, og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) stenger ByggSøk for nye søknadar frå 1. oktober 2020.

Nye søknadsløysingar for både profesjonelle og private

Søknadsløysingane rettar seg mot både proff- og privatmarknaden.

Betre brukartilpasning

Dei nye søknadsløysingane er betre tilpassa ulike målgrupper og gjer det enklare å gjere ting rett når ein lagar ein byggesøknad. Søknadene vert  kontrollert opp mot regelverket før dei vert sendt for å sikre at søknaden er komplett – dette gir raskare saksbehandling i kommunen. Medan gjenbruk av informasjon også gjer det raskare å lage byggesøknaden.

Søknader er tilgjengeleg i ByggSøk ut 2021

Sjølv om ByggSøk stenger for nye søknadar frå 1. oktober 2020, vil prosjekt som er lagra i ByggSøk vere tilgjengelege fram til 31. desember 2021. Dette gir god tid til å flytte prosjekt over til andre søknadsløysingar.

Direktoratet for byggkvalitet vil også legge til rette for at ein kan flytte ein søknad frå ei søknadsløysing til ei anna løysing.