Sunnfjord kommune

Bygging av kommunalt VA-anlegg langs E39, mellom Kusslia og Moskog

Bygging av kommunalt VA-anlegg langs E39, mellom Kusslia og Moskog

Sunnfjord kommune skal bygge kommunalt vatn- og avløpsanlegg mellom Kusslia og Moskog. Formålet med utbygginga er å få kommunalt VA-anlegg fram til Sunnfjord Næringpark, samt å få knyta til eksisterande bustadar/bygningar på strekninga.

Strekninga som ein bygger VA-anlegget er regulert til gang/sykkelveg. Gang/sykkelveg vert ikkje bygd no.  

Arbeidet er starta og er forventa avslutta våren 2022. Arbeidet vil kunne føre til noko ventetid på E39, frå 5 til 15 minutt. Eventuelle lengre stengingar vert varsla særskilt. Trafikken vert regulert med trafikklys eller ved manuell dirigering.