Sunnfjord kommune

Bli med å drifte Halbrendhallen og få reduserte leigeprisar

Bli med å drifte Halbrendhallen og få reduserte leigeprisar

Klikk for stort bilete David Zadig Vi jobbar med å få Halbrendhallen klar for utleige på ettermiddag og kveldstid.

Alle idrettshallar eigd av Sunnfjord kommune (bortsett frå Førdehuset) har behov for minst eitt ansvarleg idrettslag eller anna frivillig organisasjon for utføringav dugnad. Dugnad vil medføre reduserte leigeprisar og kan medføre inntekter. Dugnadsarbeidet vil i hovudsak vere kontaktperson(ar) for brukarar og kommunen,  koordinerer og legge til rette for vakthald i disponeringstida i kvardagar etter avtale.

 

Kan ditt idrettslag eller frivillig organisasjon tenke seg å bli med å drifte Halbrendhallen:

 

Kontakt einingsleiar for idrett og friluftsliv Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy: E-post: anne-grete.nottingnes.rognsoy@sunnfjord.kommune.no Mobil: 906 51 070 Tlf.: 577 26 124

 

Eller driftskoordinator for idrettshallar Hege Andrea Sannerhaugen: E-post: Hege.andrea.sannerhaugen@sunnfjord.kommune.no Mobil: 466 41 496 Tlf.: 577 26 115

 

Frist for tilbakemelding : 22.02.21

 

Vi gledar oss til å ta den nye hallen i bruk.