Sunnfjord kommune

Bestilling av influensavaksine i Sunnfjord kommune i haust

Bestilling av influensavaksine i Sunnfjord kommune i haust

Influensavaksine er tilgjengeleg hos fastlegen frå veke 43 for personar som er i risikogruppa. Dei som ikkje er i risikogrupper kan få vaksine via resept frå fastlegen sin, eller ved å gå på apoteket og få sett vaksinen der.

Det er forventa at årets influensaepidemi kjem til å bli kraftigare enn dei tidlegare åra, grunna endringar i sirkulerande virus og lågare immunitet i befolkninga etter at det førre sesong knapt vart registrert influensa i landet. 

Vaksinasjonskveldar på Førdehuset

Desse kveldane er forbeholdt personar som er i risikogrupper. Andre som ynskjer vaksine kan få det enten via fastlegen sin eller ved å gå på apoteket. Sjå risiko- og målgruppene

  • Onsdag 27. oktober kl. 16.30-18.30
  • Onsdag 3. november kl. 16.30-18.30  

 Det er plass til ca 500 personar kvar kveld.

Bestill vaksinasjonstime på Førdehuset

For dei som bur på sjukeheimane er det bestilt ein eiga forsterka vaksine. Det vil komme nærmare informasjon om korleis og kvar det blir tilbod om vaksine.

Vaksinasjon ved Førde, Naustdal, Sande og Skei legesenter

Det vert sett av tid for vaksinasjon på dagtid der du får tildelt time av våre medarbeidarar. Dersom du har time hos fastlege i aktuelle periode kan du få vaksine ved denne konsultasjonen. 

Bestill time til vaksinasjon ved:

 

Informasjon frå FHI om influensavaksinen