Sunnfjord kommune

Barsok

Barsok

Kulturskulen og Sunnfjord museum tilbyr eit nytt og spennande tilbod med oppstart hausten 2020

Klikk for stort bilete BARSOK

Barsok er namnet på eit nytt samarbeidsprosjekt mellom Sunnfjord Museum og Sunnfjord kulturskule.
Med Barsok ønsker vi å tilby eit spennande, variert og ikkje minst inspirerande kurs for born frå 6 -8 år. Temaet for kurset er kulturarv og tradisjon frå Sunnfjord i mange ulike former.
Gjennom året skal vi innom kjente sunnfjordske mattradisjonar, stell av dyr og folkedans. Vi steller til jul og høyrer om mytiske vesen. Vi lærer om norske folkemusikkinstrument og syng kjære lokale songar.
Barsok er ein unik sjanse for heile familien til å bli (enda) betre kjent med
området de bur i!

Tradisjon og kulturarv frå Sunnfjord
Gruppetilbod for born i 1. - 3. klasse og heile familien.

Tysdagar (45 min) med
- folkemusikk
- verkstadar
- eventyr
- matlaging
- dyrestell
- folkedans
og mykje meir!

Direktelink til påmelding:
https://NOFORDE.speedadmin.dk/registration#/course/102

Oppstart: Haust 2020
Tilbodet følg skuleåret.

Lærarar:
Ingrid Schei Stuhaug - distriktsmusikar hardingfele
Nina Renate Brendsdal - formidlingsleiar Sunnfjord Museum
Ole Nilssen: distriktsmusikar trekkspel

Dette tilbodet gjeld heile familien. Det betyr at det er naudsynt med ein vaksen til stades. Du kan gjerne ta med heile familien. Timen er tilpassa born i 1.-3. klasse. Søsken kan bli med etter evne og foreldra er ansvarlege.

Barsok-timane blir gjennomført i Sunnfjord museum sine fine, gamle hus og inneheld også ein del turar i ulendt terreng.

Om namnet Barsok:
Eller St. Bartholomeusmesse vert feira 24. august til minne om apostelen
Bartolomeus. I Sunnfjord var det denne dagen folk reiste heim frå stølen.

Direktelink til påmelding
https://NOFORDE.speedadmin.dk/registration#/course/102

 

Barsok flyer (PDF, 4 MB)