Sunnfjord kommune

August er betalingsfri månad i barnehagen

August er betalingsfri månad i barnehagen

Klikk for stort bileteForeldrebetalinga er månadleg i 11 månader for barnehageplass, der august er betalingsfri.

Når barnet skal slutte i barnehagen, gjeld betaling for oppseiingsmånad samt 2 påfølgande månader. Same reglar gjeld ved reduksjon i plass.

Foreldrebetaling og søskenmoderasjon vert regulert gjennom § 15 i Lov om barnehagar og til ei kvar tid gjeldande forskrift. Kommunedirektøren fastsett foreldrebetaling og søskenmoderasjon.

Sjå også: Vedtekter for kommunale barnehagar i Sunnfjord kommune (PDF, 115 kB)