Sunnfjord kommune

Årets influensaepidemi

Årets influensaepidemi

Klikk for stort bileteEin reknar med at årets influensaepidemi kjem til å bli kraftigare enn dei tidlegare åra, grunna endringar i sirkulerande virus og lågare immunitet i befolkninga etter at det førre sesong knapt vart registrert influensa i landet. 

Det er dei som er i risiko- og målgruppene som særleg vert oppmoda til å ta vaksina. Influensavaksina må takast kvar haust for å gje beskyttande effekt, då samansetninga kvart år må endrast på grunnlag av kva virus som no er dei dominerande i verda. Vaksina beskytter både mot å bli smitta og å smitte vidare, og særleg beskytter den mot alvorleg sjukdom og død. 

Vaksinene kjem til Sunnfjord i løpet av veke 42 (for dei som bur på sjukeheimane er det bestilt ein eigen forsterka vaksine som kjem noko seinare, veke 43 eller 44). Det vil komme nærare informasjon om korleis og kvar vaksinene vil bli tilbudt. Influensavaksina er ikkje del av det offentleg finansierte vaksinasjonsprogrammet, og må difor betalast for. 

For mange av dei som vert tilrådd influensavaksine er det og tilrådd med vaksine mot pneumokokkar. Dette er ein bakterie som kan gje alvorleg lungeinfeksjon og også andre alvorlege infeksjonar. Denne vaksina er for dei fleste tilrådd å ta kvart 10. år. Har du ein sjukdom som utgjer risiko for alvorleg pneumokokksjukdom så snakk med fastlegen din om vaksinering.