Sunnfjord kommune

Arbeid på Kjøsnesfjorden bru

Arbeid på Kjøsnesfjorden bru

Kjøsnesfjord bru - Klikk for stort bileteKjøsnesfjord bru Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune Kjøsnesfjorden bru på Skei treng vedlikehald. Dei neste vekene må trafikantane rekne med korte stengingar, og i ein periode blir brua heilt stengd for trafikk.

Arbeidet startar 31. mai, og varer til 4. august. Arbeidstida vil vere frå kl. 07:00 til 19:00, kvar vekedag. I fellesferien blir det fri ferdsel over brua.

Veravhengig

Asfalten og det gamle dekket på brua skal fresast vekk, og nytt betongdekke skal støypast. I dei påfølgjande dagane vert vegen heilt stengd fordi betongen må herde. Ny asfalt kjem på plass i august.

Mykje av arbeidet som skal utførast er avhengig av opphaldsvêr. Det kan derfor bli behov for å flytte på aktivitetar undervegs. Dersom desse endringane krev endringar i stengetidene vil desse bli oppdatert gjennom vegtrafikkmeldingar på 175.no og på fylkeskommunen sine nettsider.

Stengetider:

2. juni – 3. juni

vegen stengd inntil 30 minutt

7. juni – 10. juni

vegen heilt stengd i 1-2 timar

17. juni  kl. 09:00– 21. juni kl. 08:00

vegen heilt stengd for trafikk

2. august – 4. august

vegen stengd inntil 30 minutt

 

Informasjon Vestland fylkeskommune