Sunnfjord kommune

Allemannsretten og enkle ferdselsreglar

Allemannsretten og enkle ferdselsreglar

Klikk for stort bilete Illustratør: Gregory Idehen Sommaren 2021 blir nok ein sommar der dei fleste av oss skal feriere i eige land.  Norsk friluftsliv har denne sommaren ekstra stort fokus på allemannspliktene og dei lover og reglar som ein må følgje når ein nyttar seg av allemannsretten.

Norsk friluftsliv har laga film om allemannsretten:

Sjå filmen om allemannsretten

Nokre enkle ferdselsreglar

  • BandtvangForskrift om utvida bandtvang for hund, Sunnfjord kommune
  • Beite: Om sommaren vert mange av turområda brukt til beite for sau og storfe. Vis omsyn om du møter beitedyr og ikkje jag desse. Meld frå til nærmaste gard om du kjem over sjuke, skadde eller døde dyr.
  • Villrein: Det er villrein i store delar av fjellområda i Sunnfjord. Vis omsyn dersom du møter rein, uroa ikkje villreinen unødig.
  • Praktiser skånsam ferdsel, og ikkje ta deg til rette på private vegar, tun og stølar.
  • Bålforbod: Det er generelt bålforbod frå 15. april til 15. september. I denne perioden er det forbode å tenne opp eld i nærleiken av skog og annan utmark. Les meir om bål- og bråtebrenning i Sunnfjord kommune.
  • Bråtebrenning er ikkje tillatt uansett tid på året i område med tett bebyggelse og i bustadfelt.
  • Ver forsiktig med eingongsgrillar.
  • Kast ikkje søppel i naturen. Flaskeskår og blikkboksar kan skade både dyr og folk, det same kan rista frå eingongsgrillen. 
  • La sjeldne og sårbare vekstar få stå i fred. Dei er vakrast der dei står. 

 Aktuelle lover