Sunnfjord kommune

Åland industriområde på Skei– kunngjering av ny høyring og offentleg ettersyn

Åland industriområde på Skei– kunngjering av ny høyring og offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteSunnfjord formannskap vedtok 25.06.2020 å gje administrasjonen fullmakt til å legge ut detaljreguleringsplan for Åland industriområde til ny høyring og offentleg ettersyn.

Fylkesmannen har tidlegare fremja motsegn 06.01.2020 til Jølster kommune då detaljregulerings-planen vart lagt fram til offentleg ettersyn i 2019. Etter revidert framlegg 14.04.2020, kravde fylkesmannen endringar i planframlegget, m.a fordi støy som tema ikkje var godt nok belyst.

Planfremjar har no utarbeidd støyfaglege rapportar og endra føresegner og planomtale, for å møte krava frå fylkesmannen.

Reguleringsplan er fremja for å kunne motta tunellmassar frå Kjøsnesfjorden til opparbeiding av næringsaral. Området er sett av til næringsformål i gjeldande kommuneplan for Jølster. Køyring av tunellmassar til området er starta med grunnlag i byggesak for rassikring av Fossheim industriområde.For å fullføre mottak av massar, krev dette avklaring gjennom regulering av heile Åland industriområde

 

Plandokument:

Planen er tilgjengeleg i papirutgåve på Skei tenestetorg og Førde tenestetorg.

 

Innspel og merknader:

 

Innspel og merknader sendast til :

Sunnfjord kommune

Postboks 338

6802 FØRDE

Merk innspelet med Sak 20/3634

 

Merknadsfrist:

 

 03.09.2020.

 

Det vert i høyringsperioden invitert til folkemøte i gymsalen på Skei skule eller i samfunnshuset, tysdag 18.august kl.18:00.