Sunnfjord kommune

8. mai-markering

8. mai-markering

Klikk for stort bileteFridomsdagen vart markert ved flaggheising, musikkinnslag, kransenedlegging og helsingstale ved ordførar Olve Grotle.

Slik heidra vi dei som ga sitt liv for fridom og sjølvstende for landet vårt under 2. verdskrig 1940-1945, og alle som har tent Norge gjennom deltaking i internasjonale operasjonar.

Sermonien fann stad ved minnesstøtta på Førde Lufthamn Bringeland 8. mai.

Les Olve Grotle si tale på frigjeringsdagen


Kjære alle saman!
For nokre veker sidan var eg på dagsturhytta på Veten i Bremanger. Dette er målet for både ein spektakulær fjelltur, og motbakkeløpet Vetenløpet. Utsikta er fantastisk – du kan sjå så langt augo rekk. 

Men det som kanskje ikkje alle veit, er at du på ein måte òg kan sjå tilbake til 9. april 1940. For rett vest for Vetehytta ligg restane av ei vakthytte tyskarane bygde under krigen, med formål å halde oppsyn med båttrafikken. Plasseringa var ikkje tilfeldig. For fjelltoppen Veten i Bremanger (527 moh), var ein del av det gamle vetesystemet langs kysten i mellomalderen.

Far min vaks opp på den siste garden før du startar på fjellturen, og var 11 år då krigen braut ut. Han har fortalt mange historier om vakthytta, og kontakten bygdefolket hadde med soldatane som var stasjonert der. Det var nok ikkje tale om særleg motiverte tyske soldatar, men heller meir eller mindre utkommanderte og krigstrøytte soldatar som lengta heim. Historiene med utspring i hytta er sikkert både sanne og usanne, men gir likevel eit slags bilde ei okkupert bygd for 81 år sidan.

Sjølv om desse historiene frå krigen kanskje minner lite om det som blir skildra i bøker og i filmar, går det likevel ei slags usynleg linje frå restane av vakthytta på Veten til alt det vi forbind med krigen: Tap av fred, fridom, demokrati, menneskerettar og menneskeverd, og til eit totalt mørke med eit absolutt nullpunkt for menneskeslekta; folkemorda i utryddingsleirane.

 Å kome opp på Veten i Bremanger er godt for både kropp og sjel. Men før du går ned igjen kan det vere verdt å sjå litt på restane av den tyske vakthytta, og glede deg over at denne nå er blitt erstatta av ei flott dagsturhytte. Ei hytte for oss alle, som på alle måtar representerer det motsette av det vakthytta gjorde.

Kjære alle saman! I år er det 81 år sidan andre verdskrig ramma Norge, og 76 år sidan frigjeringa våren 1945.
Denne dagen, 8. mai 1945 eller frigjeringsdagen som vi likar å seie, har blitt ein spesiell merkedag i Norge si historie. 

I tida etter andre verdskrigen har vi i Norge levd i fredelege kår i eit fritt og sjølvstendig demokrati, og i ein rettsstat kor grunnleggande menneskerettar står sentralt.

Ser vi rundt oss i verda, er ikkje dette sjølvsagt for alle land. Tvert om blir demokratiske og liberale verdiar stadig utfordra, òg i vestlege land. Vi må derfor heile tida halde fana høgt og hegne om alle verdiane og ideala vi set så høgt, og som vi har bygt samfunnet vårt på.  

Dette er 2 gangen nye Sunnfjord kommune arrangerer frigjering- og veterandag 8. mai. For meg er det viktig å involvere og samarbeide med veteranorganisasjonane våre både frå andre verdskrig og seinare internasjonale operasjonar. 

I år er det som eg sa 81 sidan andre verdskrig startar, og det talet på attlevande veteranar og andre som opplevde krigen går ned. Derfor er det spesielt viktig at vi minnast alle dei som kjempa for fridom, og alle dei som særleg fekk kjenne konsekvensane av krig og okkupasjon. 

I samråd med regjeringa si markering er eg veldig oppteken av at vi òg har ei eiga merksemd retta mot alle veteranar, tidsvitne, ulike involverte grupper anten dei gjorde ein særleg innsats, eller dei var utsette for urett under og etter den andre verdskrig. Dette kan vere grupper som krigsfangar, jødar, norske romfolk, tyskarjenter, partisaner, norske motstandsgrupper, inkludert kommunistiske sabotasjegrupper og andre. 

Frigjerings- og veterandagen skal òg vere ei særleg markering av innsats og offer frå dei som har tenestegjort i internasjonale operasjoner for Norge. Det gir samfunnet høve til å heidre alle våre veteranar for innsatsen for verdiane vi som nasjon forsvarer. Dagens veteranar kjempar for verdiane som vårt demokratiske samfunn er tufta på, og som norske kvinner og menn slost for under andre verdskrig. Det er samfunnet si plikt og ansvar å gi dei den heider og støtte dei fortener.

Til alle! Gratulerer med dagen!