Sunnfjord kommune

5. november - nye nasjonale koronatiltak

5. november - nye nasjonale koronatiltak

Klikk for stort bilete"Hald deg heime, ha minst mogleg sosial kontakt" er bodskapen frå statsminister Erna Solberg.

Nye nasjonale koronatiltak 

Regjeringa innførte nye nasjonale smitteverntiltak 5. november. 

I Sunnfjord kommune har vi lite smitte akkurat no, og det er difor ikkje behov for ekstra tiltak utover dei nasjonale tiltaka. Dei ekstra tiltaka for regionar med høg smitte er mellom anna stenging av idrettshallar, treningssenter, bibliotek og påbod om heimekontor. Desse ekstra tiltaka er førebels ikkje innført i Sunnfjord kommune.

For at vi skal halde smitten nede er vi likevel avhengig av at alle følgjer dei nasjonale råda. Gjer det for di og andre si helse!

Tiltak som gjeld i heile landet 

Sosial kontakt

  • Alle må i størst mogleg grad halde seg heime og avgrense sosial kontakt med andre.
  • I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikke ha meir enn fem gjestar. Er alle gjestane frå same husstand, kan ein vere fleire (gjeld ikkje for barnehage- eller skulekohortar).
  • Vi bør halde minst 2 meters avstand til personar i risikogrupper.
  • Grense på inntil 20 personar på private samankomstar på offentlege stader og i leigde lokale og 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte sete. Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete. Endringa gjeld frå midnatt, natt til måndag 9. november.

Spørsmål om fastmonterte seter
Vi får mange spørsmål om "kva er fastmonterte seter?". Dette er definerte stolar som er fastmonterte, slik at ein kan sitte i annakvar sete (med maks tal 200/50 % av setene i salen). Kyrkjebenkar, tribunebenkar og stolar som er «hekta saman» kjem ikkje inn under begrepet «fastmonterte seter», så her er maks tal 50 ved arrangement.

Reiser

  • Unngå unødvendige innanlandsreiser. Arbeidsreiser som vert vurderte som nødvendige og reiser til fritidseigedommar som kan gjennomførast utan kontakt med andre er unnatekne.

Skular og utdanning

  • Alle universitet, høgskular og fagskular skal vurdere om dei i perioden framover kan redusere undervisning og annan aktivitet som bidrar til auka mobilitet, mellom anna press på kollektivtrafikken.
  • Videregåande skular og ungdomsskular må førebu seg på at tiltaksnivået kan bli raudt, dersom smitten stig.

Uteliv

  • Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringsstadar med skjenkeløyve kan ikkje sleppe inn nye gjestar etter kl. 22.00. Endringa gjeld ved midnatt, natt til lørdag 7. november.

Karantene og reiser

  • Arbeidsreisande som i dei siste 10 døgna før dei kjem til Noreg har opphalde seg i område med særleg høgt smittenivå, kan ikkje lenger nytte seg av ordninga med testing kvar tredje dag. Hovudregelen om innreisekarantene vil derfor i utgangspunktet gjelde for arbeidstakarar frå desse områda.
  • For arbeidstakarar som kan nytte seg av unntaket covid 19-forskrifta § 6 c er det gjort endringar i reglane: Arbeidstakarar som har fritidskarantene, skal testast kvar tredje dag og vere innkvartert på einerom dei ti første dagane i landet. Arbeidsgivar skal leggje til rette for avstand til andre når arbeidstakaren er i fritidskarantene. Unntaket gir ikkje lenger fritak for innreisekarantene på fritida.
  • Reisande frå raude land må framvise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere teken under 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje framviser ein slik test, kan vedkommande bli nekta innreise. Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.

Nokre unntak frå krava som gjeld karantene og reiser

  • Kravet skal ikkje gjelde for nordmenn, personar som har bustad i Noreg eller personar i transitt.
  • Kravet gjeld ikkje personar som jamleg kjem til Noreg frå Sverige og Finland for å jobbe.
  • Kravet gjeld helsepersonell som pendlar til Noreg og som har vore meir enn sju dagar utanfor Noreg.
  • Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan gjerast unntak for når det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse.