365 dagars motstand: Den store solidaritetsmarkeringa for UkrainaDet er snart eitt år sidan Russland gjekk til fullskala angrep på Ukraina. I løpet av desse 365 dagane har tusenvis av uskuldige menneske blitt drepne, såra og utsett for brutale overgrep. Millionar er drivne på flukt, og nærare 40 000 flyktningar har kome til Noreg. 24. februar står heile verda saman og markerer si støtte. Arrangementa er ein del av #UniteWithUkraine, som i Noreg blir koordinert av Ukrainas ambassade i Noreg, Den ukrainske forening i Noreg og Norsk-ukrainsk venneforeining. Program: 15.45 Oppmøte ved skulpturen «Laksen», Festplassen i Førde. Ta med norske og ukrainske flagg! 16.00 Folketog frå Laksen til Sunnfjord rådhus. 16.20 Ukrainas nasjonalsong 16.25 Appell ved ordførar Jenny Følling 16.40 Kulturinnslag Vi håpar du vil vere med og vise din solidaritet med det ukrainske folket! Sist endra 24.02.2023 08.57