Sunnfjord kommune

16. september: Siste nytt om koronasituasjonen

16. september: Siste nytt om koronasituasjonen

Klikk for stort bileteDet er per 16. september påvist tre nysmitta tilfelle i kommunen i løpet av den siste veka. Alle tilfella er direkte knytt til utbrotet i Bergen. Ut frå noverande informasjon har vi kontroll over denne situasjonen.

Råd om reiser i regionen

Det er no eit pågåande lokalt utbrot i Bergen og nokre av nabokommunane. Dette er den forventa utviklinga i pandemien, som nasjonale styresmakter har bede oss om å planlegge for, og som vi er førebudd på. Vi møter dette med utstrakt Testing, rask Isolasjon ved påvist smitte, påfølgande rask Smittesporing, og Karantene av moglege nærkontaktar (TISK-strategi). På denne måten kan vi klare å halde kontroll på smittesituasjonen lokalt, samstundes som samfunnet fungerer så normalt som mogleg. Dette er viktig, då denne pandemien kjem til å vare lenge endå.

  • Det er eit generelt råd under pandemien å avgrense eigen reiseverksemd så mykje det lar seg gjere. Ved eit lokalt utbrot blir dette eit endå viktigare råd. Kommuneoverlegen har difor gått ut og oppmoda om at ein tenker seg grundig om før eventuell reise til område med pågåande utbrot av smitte. Dette betyr ikkje at det er forbode å reise!

Det er ein auka risiko for smitte om ein drar til Bergen no, men dette kan ein førebygge ved å følgje dei allmenne smittevernsråda godt; halde minimum 1 meter avstand, unngå folketrengsel (kollektiv transport, utestadar mm), nytte munnbind i situasjonar der det er vanskeleg å halde god avstand, og praktisere god handhygiene.

  • Vi vil særleg understreke følgande; skal du til behandling ved sjukehus i Bergen, er det ikkje farleg å dra!

Kommuneoverlegen vil på det sterkaste oppmode om at ein nyttar det helsetilbodet ein har, og ikkje avbestiller avtaler.

Vi har eit ekstra ansvar for å unngå å få korona-smitte inn på våre aldersinstitusjonar. Difor gjeld følgande; pårørande, studentar og vikarar får ikkje komme inn på institusjonen dersom dei har vore i områder med pågåande lokalt utbrot dei siste 10 dagane. For tilsette er det ikkje lagt ned eit forbod, men vi rår sterkt om å unngå slike reiser no, jf førre avsnitt.

Praktiske råd ved konfirmasjonar og liknande arrangement

På Folkehelseinstituttet sine heimesider ligg dei konkrete tilrådingane som gjeld private samlingar og arrangement. Dei generelle råda er alltid det styrande; vil ein klare å oppretthalde kravet om minimum 1 meter avstand og gode føresetnader for handhygiene under arrangementet? Særleg obs på korleis ein sit ved borda med tanke på avstand, men og område der det kan bli ekstra trengsel (eks ordne kø ved kakebordet, toalett mm). Så vil vi råde til ekstra merksemd kring situasjonen med lokale smitteutbrot i landet.

Dersom du sjølv skal reise i eit arrangement der det og kjem deltakarar frå områder med høgare risiko, eller det er gjestar som kjem til ditt arrangement får eit eller fleire slike område så ta omsyn; følg smittevernsreglane strengt både i sjølve arrangementet og i losji-situasjonen for dei besøkande; personer med sjølv heilt lette symptom på luftvegsinfeksjon/feber skal ikkje delta på arrangementet, hald avstand minimum ein meter, og sørg for god handhygiene. Er det gjester i arrangementet som tilhøyrer risikogruppe for alvorleg sjukdom, vil det vere fornuftig å skjerme desse ekstra for mogleg smitte.

Når det kjem til kor mange som kan delta, er det to forhold som regulerer det:

  1. Er det ei «privat samling» eller eit «arrangement på offentleg stad»?
  2. Klarer vi å organisere samlinga/arrangementet slik at smittevernsreglane vert fulgt på ein trygg måte?

Ei privat samling er ei samling på privat stad, innandørs eller utandørs. Her er tilrådinga maks 20 personer – men uansett ikkje meir enn det er plass til med tanke på å følgje smittevernsråda.

Eit arrangement inneber idrettsarrangement, kulturarrangement og «andre arrangement»: «andre arrangementer, inkludert seminarer, varemesser, midlertidige markeder, bursdager, bryllup, begravelser og religiøse samlinger». Ein konfirmasjon går inn under «andre arrangement».

Offentleg stad er definert som «et sted bestemt for alminnelig ferdsel eller et sted der allmennheten ferdes. I tillegg gjeld samme forhold ved arrangementer i lokale og utandørs arealer som leies eller lånes ut, inkludert hoteller, grendehus, forsamlingshus, konferansesaler og haller.»

Altså;

  • held ein konfirmasjonen i eige hus eller eit anna privat hus, er det ei privat samling, og øvre grense på deltakarar er 20.
  • held ein konfirmasjon på ein offentleg stad, er det eit «arrangement på offentleg stad». Då er øvre grense på deltakarar 200 – men sjølvsagt ikkje meir enn det det er plass til jamfør smittevernsråda. Her kjem det i tillegg krav om at det må vere ein som står som definert arrangør av arrangementet (vil vanlegvis vere foreldra til konfirmanten). Arrangøren har ansvar for at smittevernsråda vert fulgt. Vidare har arrangør ansvar for å føre liste med kontaktinformasjon over deltakarane på arrangementet. Denne lista må oppbevarast  i 10 dagar etter at arrangementet er ferdig i tilfelle det sidan vert ein smitteoppsporing.

Kommuneoverlege Øystein Furnes